Kanskje finn du ikke på lista den saka som du har lyst til å kommentera? Då kan du leggja inn ein kommentar her, og fortelja oss om kva som opptar deg.
« Skulen
juni 29, 2008 av bygdalista
Kanskje finn du ikke på lista den saka som du har lyst til å kommentera? Då kan du leggja inn ein kommentar her, og fortelja oss om kva som opptar deg.
Dersom det kjem på plass eit nytt stortingsfleirtal etter valet, er sjansen stor for at kommunesamanslåing vert eit meir aktuelt tema.
Det er få i Samnanger som snakkar varmt om å innlemma Samnanger i ein annan kommune; men samstundes er det ein heil del som stemmer på eit av partia som ynskjer seg færre kommunar eller jamvel ein reform på line med den som har hendt i Danmark. Det er vel liten tvil om at det ville tyda kroken på døra for Samnanger?
For ei stund sidan skreiv eg ein kommentar i Os og Fusaposten der eg oppmoda fusingane og osingane til å faktisk ta debatten om korleis framtidas kommunegrenser skal sjå ut. Eg fryktar for at det kan vera naudsynt.
Dersom debatten ikkje kjem lokalt er det ikkje usannsynleg at kommunane Os, Fusa og Samnanger vert “utpeika” til eigna for samanslåing. Resultatet vil vera ein konstruksjon som ikkje heng det minste på greip, og eit Samnanger som vert liggjande fullstendig i bakevja.